Ein god plan er viktig for å nå overordna strategiske mål. Men korleis utviklar du eigentleg ein strategiplan?
Aller fyrst: vi skil gjerne mellom funksjonelle strategiar og meir overordna strategiar når vi skal utvikle ein strategiplan. Likeeins er det viktig å poengtere at ein strategiplan, eller for å vera hakket meir korrekt: ein strategisk handlingsplan, er nettopp det som ordet tilseier: ein plan for korleis ein tenker at ein skal arbeide for å oppfylle ein strategi.
Skal du utarbeide ein strategiplan, forutset det med andre ord at du kan ta utgangspunkt i ein eksisterande strategi (ekstern lenke), for eksempel ein forretningsstrategi eller funksjonelle strategiar som markedsføringsstrategi er eit eksempel på.
Slik utviklar du ein strategiplan
Dette er steg for steg-prosessen for å lage ein strategisk handlingsplan:
- Ta utgangspunkt i den overordna strategien
Sørg for at du tek utgangspunkt i den overordna strategien. Ta gjerne ein avsjekk om den framleis er relevant, eller om den bør justerast – for eksempel ved å oppdatere intern- eller eksternanalysene som har lagt grunnlaget for strategien. Huks også at både strategisk mål og målgrupper må vera godt definert.
- Definer tiltak
Bryt ned strategien i konkrete og målbare tiltak/oppgåver.
- Definerer ansvar og tidsfrister
Set opp ein ansvarleg for kvart tiltak, samt frist for når tiltaket er tenkt gjennomført.
- Set opp ressursoversikt
Konkretiser eventuelt finansielle ressursar og personalressursar som må vera på plass for å gjennomføre tiltaka. Her er det også lurt å skille mellom interne og eksterne ressursar: kva har verksemda moglegheit til å gjera internet, og kva må ein outsource?
- Definer KPI og rapportering
Få oversikt over korleis du skal måle at tiltaka blir nådd, og korleis det skal rapporterast på i kva grad tiltaka i planen blir nådd.
Verktøy er viktige i strategiplanprosessen
Når du skal utarbeide ein strategiplan, er det gjerne ulike verktøy og metodar som er nyttige i prosessen – alt etter kva type plan det er snakk om.
PESTEL og Porters fem konkurransekrefter er eksempel på to vanlege verktøy når den overordna strategien skal utarbeidast – altså det som kjem før planen.
I sjølve planprosessen er verktøy og metoder som prioriteringsmatriser og empatikart, som begge også er kjent i designdrevne innovasjonsprosessar, nyttige.
Plan og strategi må henge saman
Sjølv om eg allereie har påpeikt det ein gong, vil eg understreke kor viktig det er at planen tek utgangspunkt i den overordna strategien som den skal bidra til blir nådd.
Er engasjementet stort i planprosessen, noko eg har erfart gjennom fleire strategiworkshopar, er det fort gjort å bli i overkant kreativ når ein jobbar med tiltak. Dette kan føre til at du mistar fokus på det strategiplanen faktisk skal bidra til: å leggje til rette for at den overordna strategien i størst mogleg grad lykkast.
For å halde fokus heile vegen i planprosessen, kan det vera nyttig å ha med ein ekstern ressurs som kan bidra med strategikompetanse i tillegg til å fungere som fasiliator.
Ta gjerne kontakt med meg og kollegaene mine for å høyre korleis vi kan hjelpe verksemda di med strategiprosessen.