Få ting gjort – betre og raskare
Eg gjer det enklere for leiarar i små og mellomstore bedrifter å ta viktige avgjerder, utvikle strategiar og drive innovasjon, samstundes som samarbeidet i teamet ditt blir betre. Det gjer eg gjennom workshopar og sparring – saman med deg.

Dette er noko av det vi kan
få til saman
Forretningsutvikling på ulike områder er gjerne det overordna som det handlar om, uansett om vi arbeider med marknadsplaner, produkt- og tenesteutvikling, eller strategi for bedrifta di. Er du gründer? Da blir eg gjerne med på delar av reisa di som sparringspartner og bedriftsrådgjevar.
Forretningsutvikling
Få raus rettleiing gjennom workshopar til å viareutvikle verksemda di.
Produkt- og tenesteutvikling
Få hjelp til å utvikle lønnsomme tenester, eller forbetre dei tenestene eller produkta du allereie tilbyr gjennom ein produktutviklingsworkshop .
Strategi
Få hjelp til så utvikle gode strategiar gjennom ein strategiworkshop.
Foredrag
Foredrag om strategi, marknadsføring og kvardagsinnovasjon.
Sparring for oppstartsbedrifter
Få hjelp og gode råd i alle utviklingsfasene til verksemda di: frå spirande start up til viareutvikling.
Problemløysing
Stor utfordring som du ikkje veit korleis du skal gripe an? Eller ikkje heilt sikker på kva som er kjerna i problemet? Ein problemløysingsworkshop kan hjelpe deg.
Korleis jobbar vi?
Stutt fortalt: har du behov for å samle fleire tilsette for å løyse store utfordringar eller ta viktige avgjerder, er ein workshop alltid den beste arbeidsforma. I alle fall dersom workshopen er godt samansett, og blir leda av ein erfaren fasilitator. I andre tilfelle held det med reine sparringsøkter.
Er du ny kunde eller kanskje ein gründer i oppstartsfasa? Da får du alltid ein gratis kartleggingsworkshop der vi vurderer bedrifta di der den er i dag, og der vi saman finn ut om vi kan vera ein god match
Sjå. Lytt. Les.
Sjå og lytt til fagtips på YouTube, eller rå rause råd rett i øyra på HausPodden. Dei siste artiklane frå min eigen blogg kan du lesa her:
-
Foundation Sprint: ny utviklingsmetode for bedrifter
Foundation Sprint er ei ny workshop-metode som fungerer perfekt som ein start på større prosjekt. Metoden er også uvurderleg for gründerar. Workshopen, som er utvikla av Jake Knapp og John Zeratsky, er spesielt godt eigna…
-
Sju tips for ein vellykka workshop
Ein workshop kan vera effektivt for blant anna å generere idéar, drive innovasjon og utvikle team. Men korleis unngå at seansen…
-
Korleis utvikle ein strategiplan?
Ein god plan er viktig for å nå overordna strategiske mål. Men korleis utviklar du eigentleg ein strategiplan?
Er du marknadsføringsstudent?
Studerer du digital marknadsføring, og ynskjer å gjera det best mogleg i studiet for å koma best ut frå startblokka når du skal søke jobb? Eg har fleire års erfaring som faglærar for nettstudiet digital marknadsføring ved Fagskolen Kristiania, og bidreg gjerne som mentor for å hjelpe deg gjennom studiet, til dømes i eksamensperioda.